h1

Kringsnudd

2. mai 2016

At du orker! Stå på for andre heile tida. Korleis klarer du å ha så mange tanker i skallen på ei og samme tid? Saknar du ikkje å skape noko for deg sjølv? Får du noko anna en kjeft i din jobb? Er det nokon som nokon gong takker deg?

Har du ein slik jobb? Ein jobb der du står på skallen for at andre ting skal virke for fleire? Mange har slike jobbar, og det er lett å bli kringsnudd. Frå mange hald, og til ulike tider med ulik motivasjon. Tenk deg om. Kor mange er det som jobbar for at andre skal ha det bedre? I helsesektoren er det for eksempel mange som gjer dette. Kvar dag. I skuleverket (sikkert gamaldags formulering…) er det også mange som gjer dette. Og i skiheisene. Og på stadion-anlegg rundt i heile kommunen vår. Kjell lager isbane til NM i januar, og mange står på døgnet rundt for å få lagt på plass vetens langrennsspor og alpine traseer. Og mange står opp kvar einaste morgon, for å syte for at me kan kjøpe mjølk, brød og ost. Fortrinnsvis lokal produsert, men her er ALLE dei som hederstittelen bonde med å bidrar til felles beste.

IMG_2997[1]

Eg prøver også å være ein slik. Ein som gjer noko for andre. Eg har valgt å sette meg sjølv bakerst i rekka, og lyfta fram alle andre aktører som gjer ein jobb i reiselivet. Ein jobb for andre, også inkludert dei som kjem på besøk te kommunen vår, og legg at nøkk peng slik at me alle sammen har arbeid. Det å ha ein slik jobb er i likhet med andre jobber, ein øvelse i å gjere korrekte valg og prioriteringer.

Visit Geilo er eit selskap (det einaste) som skal lyfte fram og utvikle reiselivet i heile kommunen vår. Hol kommune og Visit Geilo har til og med ei bindende Partnerskapsavtale dere dette framgår i klartekst. Derfor er det tikji initiativ til for eksempel Route 50, felles nettsider, inkluderende medlemsverving i frå mange deler av næringskjeden og utvikling av arrangement. Så er det no ei gong slik, at desto fleire ein har med på laget, desto fleire meninger om retning og innhald blir det. Øvelsen for meg personlig, har då har vøri å prøve å finne kva det er me alle er enige om. For skal ein ta hensyn til alles ynskjer, visjoner og ambisjoner blir ein jaddi meg kringsnudd meir ein ei gong i viku!

Og no, etter å ha snakka med svært mange så trur eg me har funni ut i alle fall ein ting me har felles: Dersom det kjem fleire folk på besøk og benytter seg av det me har å tilby, så blir både antall arbeidsplasser og skatteinngangen til kommunen opprettholdt. Oppdraget vårt i Visit Geilo er derfor dette: Sørg for at det så ofte som mogleg er gode nok grunner til å reise på hytta, bestille weekend med kjæresten og legge den store konferansen med jobben til Geilo og omegn. Derfor engasjerer me uss i samferdsel, langrennsløyper, utvikling av alpintilbudet, flyplass, parkering, kollektiv tilbudet og mykje meir. Me skal derfor utvikle nye arrangement og skape gode relasjoner til riktige personer i UK, DK og andre store markeder. Me skal sørge for å koble næringsaktører slik at me får kraft nok til å vinne fleire kamper.

Og ja. Å spele på lag er ei forutsetning, men eg vil også minne om at det er ein fordel at ein er enig om kva for idrett ein skal bedrive på det laget ein er. Eg trur, etter å ha vøri kringsnudd meir enn ei gong, at det me skal konsentrerer uss om (altså vår felles idrett om du vil) er «reiseliv», fordi;

Kjem det nøkk folk på besøk til vår region, så har folk arbeid. Då har folk arbeid som snekker, entreprenør, tannlege, lærer, taxi-sjåfør, kokk, regnskapsfører, reingjøringsekspert, butikkdrivende og blomsterdekoratør. Og har folk i det private arbeid, er det bra også for alle som har jobb i det kommunale, regionale og statlige. Eller, tek eg feil?

h1

Google vs. Goffa

26. april 2016

Eg har kloke folk rundt meg overalt. Mine barn kan spørje om kva som helst, og svaret kjem frå folk som veit, har opplevd og eller erfart. Vil dette være slik i framtida?

Kilden til informasjon er viden kjent. Altså Google. Men, er det kilden til kunnskap? Google, altså?

Kva er den høgaste bygningen i India? Kva er strøm? Kvifor heiter eg Medhus? Når er det sumar i Syden? Det er sonen min som spør. I rommet me sitt i, er det eit heilt sett med såkalla «besteforeldre». Både Gommo og Goffa. Svara kjem raskt. Nesten uansett. Gommo svarer på det som ikkje Goffa kjem på i farta. Det er kunnskapsoverføring, «live on location». I skarp situasjon skjer det vedunderlege, gang på gang. Kunnskap blir til ny kunnskap. Ikkje basert på fantasi eller tru. Men, på rein og skjær kunnskap. Gommo svarer. Goffa svarer. Og den yngre delen av flokken spør. Spør utan hemning eller hindring. Er ikkje redd for å spørje om noko som helst. Og slikt blir det svar av. Og svar blir til kunnskap. For alle som høyrer etter i alle fall. Og evner å lagre den nye informasjonen.

Tenk deg ei tid utan Google. Då var Goffa og Gommo sikre kilder, og for mange dei einaste kildene til kunnskap utover det opplagte og planlagde frå foreldre og skuleverk. Den tida ikkje Google var ein del av daglegtala. Eg tenkjer slik. «Støy» og partikler blir til data. Be-arbeidde data blir til informasjon. Informasjon levert på rette måten blir kunnskap. Kunnskap satt i scene med gode eksemplar blir visdom. Den enkle formelen er kanskje slik: Om ein stiller mange spørsmål, blir ein klok. Men, eg er redd det skil seg litt på kven du spør. Mange tastar inn spørsmål i søkefeltet til Google og lar seg fylle opp av alt som der dukkar opp. Er det sant og riktig det som står der? Eg tviler på at det som kjem i slike søkefelt er akkurat det ein lurer på. Om ein for eksempel søkjer på ordet GOFFA får ein vite at det er ein teddybjørn-produsent i USA som har det namnet, og at det betyr leskedrikk utan alkohol i Australia (på sleng…). Så om ein verkeleg vil ha eit skikkelig svar, så må ein nok ty til dei levende kildene. Dei som i tillegg til svaret, har ei strofe, eit eksempel å vise til.

Tek me uss nok tid til å stille kvarandre spørsmål? Kvifor spør ein ikkje meir kvarandre? Unge spør meir enn dei gamle. Dei gamle svarar betre enn dei unge. Kvifor er me ikkje meir varsame med å etablere sannheter, som jo i fleire (og fleire) tilfelle er basert på feil informasjon. Eg unner alle ein Goffa og ei Gommo ein kan spørja seg til råds hjå. Det finnast for mange kjelder til feil informasjon der ute. Og ja. Google er også kilde til akkurat det. Ein skal nemleg være temmeleg presis for å finne akkurat det ein er på jakt etter. Og der er jo Goffa og Gommo i særstilling. Berre ved å stille eit par oppfølgingsspørsmål… Kva er det EIGENTLEG du vil finne ut av? Kanskje er Google + Gommo ein av dei sterkaste kombinasjonane i kunnskaps-sanking?

Så frå ein som aldri blir lei av å spørje kjem det ei oppmoding; Spør kvarandre. Baser kunnskapen din på korrekt informasjon. Det starter ofte med å stille eit eller fleire spørsmål til levende menneskjer. Og mitt tips; start hjå ein som har hederstittelen Gommo eller Goffa. Uansett, om du er ung eller gamal. Ikkje la deg trollbinde av Google. La deg inspirere av levende fakta- og kunnskapsoverføring.

h1

Samfunn i samspel

25. september 2014

Samfunn i samspel

Geilo har det beste foran seg og no begynner det verkeleg å dra seg til, positivt. Og signala er tydelege og klare: Fleire enn før skal, og vil, til Geilo. Geilo sitt publikum vil tilbake. Og det kanskje stikk i strid med nokre av skrivebordsrådgivarane der ute si oppfatning av situasjonen.

Og eg har sagt det mange gonger, og gjentek det gjerne: MI oppgåve er at «Førestillinga GEILO vert spelt perfekt kvar gong. Ho skal opplevast ekte og ha utgangspunkt i dei naturgitte føresetnadane Geilo er aleine om å ha».

Eg skal ta fram alle regiknepa Bjørn Sæter har lært meg. Detaljane skal på plass, roller skal fordelast. «Work is Theatre & every Business a stage» (Undertittel på boka The Experience Economy – Pine & Gilmore 1999). Geilo skal vise fram «Samfunn i samspel»,  bygge identitet og ose autentisitet.

Og vårt viktigaste verktøy vil vere eit komplekst, samansett og multifunksjonelt verktøy. Verktøyet heiter: Bærekraft. Definisjonane er mange og bruken av ordet er innimellom litt slitt. Ja, til og med feil etter mi meining. Eg vil prøve å forklare kva eg som turistsjef på Geilo legg i omgrepet, og korleis me skal bruke det for å tiltrekke oss eit endå større publikum. Anne Dorthe Carlsson lærte meg i eit av mange møter om emnet, at bærekraftig er ikkje noko ein blir, men snarare noko ein alltid kan bli betre på. Ein kan alltid bli meir bærekraftig. Det trigga meg veldig å forstå akkurat det.

«Samfunn i samspel»

Dette skal etablerast som arbeidsmetode, mål og visjon for reiselivsutviklinga i reiselivskommunen Hol; Samfunn i samspel. Geilo; gjennom tidene ein av dei mest besøkte og stadig populære fjelldestinasjonane i Noreg, omkransa med kultur- og naturarv på alle kantar.

Kva legg eg så i omgrepet samfunn i samspel? Mykje og mangt, på både kort og lang sikt.  Det er frå mi side frå før uttalt at reiselivet er summen av alle kjente næringar og levemåtar i eit samfunn. Det er altså variasjonen i og på staden som er utgangspunktet for eit reisemål sin attraksjonsverdi. Andre viktige faktorar er korleis ein fortel sine historier til sitt publikum. Det betyr altså at ein vågar og evnar å iscenesette det ein vil vise fram, slik at bodskapen kjem fram og at publikummet får den opplevinga dei er på jakt etter. Eller endå betre, den opplevinga dei ikkje hadde forventa å få så sterkt innover seg akkurat der og då.

Eit samfunn som er i samspel vil kunne gje alt dette. Men, det gjer seg ikkje sjølv. Det er ingen ting på ei teaterscene som berre blir slik. Der er det alltid nokon som har ein plan, og endå fleire som kjem med innspel til denne planen. Lys, lyd, scenografi, kostyme, manus, rekvisita, kulisser, dei ulike rollene og sjølvsagt; sjølve fortellinga.

Samspel krev også at ein har funne ut kva ein skal framføre, kva ein vil fortelje og/eller formidle. Om det er musikk eller kun tale. Kven skal gjere kva og på kva måte. Geilo skal sjå på dei store linjene i sin dramaturgi. Dramaturgi har eg prøvd fleire gonger å forklare med denne setninga: Kva skjer når, for kven og kvifor? Korleis opplever publikum det som blir fortalt? ER det slik at førestillinga Geilo med sine ulike scener vert spelt godt kvar einaste gong? Det er mange som skal og må bidra for å få til dette. Eg kunne godt tenke meg å ta på meg oppgåva som regissør. Destinasjonsiscenesettar (!) om du vil…

Det er mykje som skal takast omsyn til for å lykkast med å få samfunn i samspel. Eg meiner det bør vere ei oppgåve som tiltaler mange av Noreg sine reisemål.

Dyrespor-detaljer-Geilo sentrum-EmileHolbaLowRes 46

Tempo, takt og tone

Så var det dette med tempo då. Mitt store forbilde innan teaterverda heiter Bjørn Sæter. Han og eg har jobba mykje saman rundt om i landet og sett både det eine og det andre potensielle prosjektet svinne hen på grunn av feil tempo. Bjørn har lært meg mykje om kva tempo kan vere på ei scene eller i eit opplevingssrom. «Opplevingsrommet» vart klokt skrive om av Lena Mossberg i boka «Å skape opplevelser; fra OK til WOW!».

I mi verd er Geilo eit stort opplevingsrom, med mange små scener som vert omfatta av  den overbyggande historia. Og her blir det viktig med tempo. -Temposkifter er ein kunst, har Bjørn sagt. Og eg er einig. Det er ein kunst å bruke tempoet i samfunnet som ein positiv drivar og som ein forsterkar til det publikummet opplever der og då. Geilo må og skal bli gode på tempo, og temposkifter i sine førestillingar i framtida.

Takt er jo minst like viktig. Ein treng ikkje vere avdanka trommis for å forstå at tempo betyr noko for dei aller fleste. Men, det er jo også viktig at ting er i takt. Utbyggaren, kjøparar, kommunens politikarar og administrasjon, samt vårt alltid like viktige publikum må vere einige, altså vere i nokon lunde takt. Vere einige om tempoet, så opptre i takt. Så klart vil det bli stader der det er litt «humpete», men målsettinga for det store Geilo-ensemblet må vere å framføre i takt.

Tone? Kva for toneart skal Geilo spele i? Vel, det fine er jo at også dette kan variere. Berre ein er einige og veit kva for melodi som skal spelast, så kan også Geilo vere til for fleire og nye målgrupper.

Ta for eksempel øvinga Beitostølen, Hemsedal og Geilo no har begynt på. Tre av Noreg sine mest populære heilårs fjelldestinasjonar skal ut i verda å gjere seg attraktive og selje seg som ei eining. Det krev mot å ta fatt på dette. Og då må i alle fall tonen vere sett frå fyrste stund. At tre ulike samfunn no er i samspel blir lagt merke til. Fyrst og fremst er det publikum som legg merke til dette og ser alle fordelane dette har for dei. Salstalla så langt i 2014 vitnar om at det er ein god melodi. Ein HIT rett og slett!

Forvaltning og formidling

Petter Braaten er ein av dei andre store kjeldene til inspirasjon i min kvardag. Han er vaktmeister i Hallingskarvet nasjonalpark. Han og eg «møttest i trappa». Me møttest, reint fagleg i Pine & Gilmore si POEV (Progression of Economic Value) trapp. Råvare- produkt – teneste – oppleving – transformasjon. Ho er eit av dei tre basisverktøya frå boka «The Experience Economy» som kom i 1999, og er grunnlaget for alt du i dag les om opplevingsteoriar. Dette er eit fagfelt eg har fordjupa meg grundig i og jobba mykje med i praksis. Rett og slett reist Noreg rundt og jobba med utvikling av små perler på forskjellige snorer.

Så var det altså slik at Petter, som jo er statens mann og tilsett i Statens naturoppsyn og skal forvalte det Hallingskarvet nasjonalpark er verna for . Han og eg møttes i felle forståing av at det er noko meir enn service som betyr noko for folket. Og i nokre forhold seier det berre «klikk». Slik var det for meg med Petter. Plutselig forstod eg at det var håp hjå statens eigne menn som går rundt i uniform og er forvaltarar. For når me no har jobba saman i snart fem år, så er det forvaltning gjennom formidling, det å verne gjennom å bruke som er melodien her oppe. Det er ei sann glede å oppleve resultata etter at det er tilrettelagt for at ein større del av publikum skal få ta del i Hallingskarvets unike plassering, natur- og kulturarv. Det heile iscenesett av SNO, eit sett med gode verdiar og intensjonar i botn og så eit stort ynskje om å formidle. Å vere iscenesettande og formidlande i sitt oppdrag som forvaltar krev mot. Og Geilo og heile Hol kommune er heldige som har SNO i bygdas ensemble.

No framover blir det også spennande å sjå kva ein får ut av prosjektet som tek for seg besøksstrategi. Altså; kva er det eit potensielt større publikum forventar seg, vil ha og treng på scena Hallingskarvet nasjonalpark. Me, altså det kommersielle selskapet Visit Geilo as, har engasjert oss i dette arbeidet fordi det har stor verdi for det totale reisemålet at alt er i takt. Samfunn i samspel inkluderer i ytste konsekvens alle og alt. I ulik grad så klart, men det er viktig «å strebe etter» ei utviklingsom gagnar flest mogleg. Ei bærekraftig utvikling rett og slett.

Ensemblet vert samla

Det er i desse dagar me med stor glede har motteke brev frå Innovasjon Norge om at me er godkjent for fyrste del i arbeidet med å motta merket for eit Bærekraftig reisemål. No startar den verkelege jobben der me skal finstemme alle dei ulike instrumenta i det store ensemblet. Me skal finne tonearten og vere kreative innanfor denne. For det er nemleg fullt mogleg. Å «jazze» seg litt, gjer at ein ofte blir sett på som både interessant og smart. SÅ skal me bestemme oss for takt og tempo. Dette meiner eg me skal gjere ved å bli gode på temposkifter. Gjennom sesongar, planar, utval, arrangement og andre ting som er med på å påvirke tempo og takt.

Me skal jobbe med sosiale verdiar for bygdefolk og folk som kjem til bygda. Me skal jobbe med kvaliteten på det me «leverer» og ikkje minst på det me vel å iscenesette på dei ulike scenene rundt omkring i vår mangfaldige reiselivskommune.

Målet med alt dette er at det blir fleire som får god nok økonomi i det dei jobbar med og vil satse videre. Roller skal fordelast, historier forteljast. Det skal byggast kulisser og det skal lagast manus, gjerne med utgangspunkt i den unike kultur- og naturarven me har her i kommunen. Framført av hovudpersonen sjølv, Geilo.

Det einaste som er heilt sikkert er at det er førestilling kvar einaste dag. Frå og med i dag, og i all overskueleg framtid.

h1

Eg er attende…

1. september 2014

Det gjekk eit år. Litt meir faktisk. Før eg bestemte meg for å blogge att. Og no er eg der. I slikt bloggemodus. Det har skjedd mykje på dette året. Som turistsjef i ein av landets travlaste reiselivskommuner så er det klart det er travle dager. Men, det skjer aller mest i den positive enden tå pendelen. Reiselivsnæringen er meir samle enn nokon gong. Me jobber med fleire enn før, og kanskje til og med nokon vil kalle det «uvanlige koblingar» det Geilo er med på. Mulig det. Men, Norway – Home Of Skiing er i ferd med å bli ein av norsk reiselivs store suksesshistorier.  For reiseliv er først og fremst samhandling. Det er samhandling i samfunn. Små og store, som på kvar sin måte skaper det som er sjølve årsaken til at folk reiser, og då til slutt besøker uss her oppe. Sampelet bør jo då også foregå i samtid. Altså att me har samma klukke på hønde. Samme klukke og samme perspektiv. «Samfunn i samspel» er ei av dei korte og for meg lett forståelege forklaringene på ordet bærekraft. Og legg ein til natur og kultur, så har ein kommi eit godt stykke på vegen. «Samfunn i samspel med natur og kultur»

Me har jobba mykje med bærekraft i Geilo-regionen den siste tida. Svært mykje rett og slett. Me tok fatt på prosessen Bærekraftig Reisemål som er initiert og utvikla av Innovasjon Norge gjennom eit pilotarbeid der Vega, Lærdal, Trysil og Røros brøyta veg for uss andre. Eg er både stolt og glad for at me har gjort akkurat det. Fordi det betyr meir enn det veldig mange i bransjen forstår…

Fyri helgji kom brevet i frå Per Arne Tuftin og Innovasjon Norge som ynskte uss lukke te videre. Dei fyrste oppgåvene me har løyst er godkjent, og me kan ta fatt på vegen videre. Å arbeide med bærekraft i reiselivet kan ikkje bli bra om ein ikkje har med seg folk som har praktisk erfaring på alle nivå. Det er praktiske endringer og initiativ som gir resultater. Ikkje berre exel og innføring i perm. Prosessen på Geilo har med seg mange praktikere som har erfaring med det å jobbe i reiselivet. For det må ein ha. Men, kvifor era me så få som gjer dette arbeidet? 20130626-205656.jpg

Rundt uss er det no kun Svalbard som har kommi like langt, og Setesdal er på veg i stort tempo. Og eg undres jo litt, på kvifor det er slik at det er så få reisemål i verdens reinaste land som tek tak og utvikler seg til å bli enda meir bærekraftig. Ein blir nemlig aldri 100% bærekraftig, fordi ein alltid kan fobedre seg. Uten å bli alt for fagnerdete, så meiner eg at alle indikatorer ein blir målt på og dei kriterier som stilles krav til i ordningen er eit minimum tå det ein kan forvente seg av eit reiselivsland som Norge. Og på onsdag kjem MIljøvernminister Tine Sundtoft på besøk og skal åpne Prestholtrunden. Eg håper eg får 10 minutt te å forklare eit par tå dei utfordringene norsk reiseliv har, som feil departement har blitt satt til å bestemme over…

Så folkens. Her er eg. På`n att med blogging. OM det blir like godt motikji som for eit år sidan, er opp til deg og andre lesera. Eg kjem no i alle fall til å bruke bloggen min til å ventilere litt inn i mellom. Nokre gøngu stutt, og andre gøngu litt lenger.

h1

Hemsedal er reiselivets Petter Northug Jr.

26. juni 2013

Eg trur på samarbeid i sammen med andre som trur på akkurat det. Samarbeid.

La uss ta det fyrste fyrst; eg digger Petter Northug og heier på han. Han meiner eg at har tilført langrennssporten noko nytt og bra. Som figur og som artist. Til og med som langrennsløper har han antageligvis tilført noko te nokon. Langrenn kan eg ikkje, derfor litt vag der altså.

Dei fleste av uss kjenner til valga han gjort inn mot denne og kommende sesonger. Han vil stå aleine, fordi han vil bli bedre. Bestemme sjølv, og styre dagen sin sjølv. Sove lenge, spise når han vil og besøke dei han vil og gjere det han vil på fritid og trening.

Hemsedal har også tatt eit valg. Dei vil trene aleine. Halde treningsdagboka si for seg sjølv. Bruke sine eigne krefter på seg sjølv. Trur ikkje på at dei som er satt til ein lag-jobb gjer denne godt nok. Vil derfor trene aleine. Gjera som dei vil. Slik vil dei bli best i verden. Om det ikkje var slik at dei allerede var verdensmester? Alt av reiseliv går jo så det kvin etter i Hemsedal. Og les no for all del ikkje statistikk. Den er feil. Tenk deg. Me era i nærheiten tå dei beste. Tenk om me fekk være på lag med dei… Bjørn Dæhlie har vel forresten uttalt at verdensmester er ikke noe man er, men kan bli…men, nok om det!

Det er noko med den trønderske sjøltilliten. Den er fargerik og kan skremme litt inn i mellom. Petter Northug kler den godt. Han snakker jo tross alt dialekten, og fremfører den med trøndersk overbevisning. At Hemsedal gjer det samme er kanskje ikkje fullt så sjarmerende. Men, du verden. Når er ein er best i klassen, så kvifor ikkje si det som det er? At dei i tillegg velger å stå aleine, i alle fall ikkje innrette seg etter resten av laget, vitner jo om at dei har ein plan om korleis dei skal fortsette å være best også i framtida.

Og det er fleire som trur på dette: I Hallingdølen for ei tid tilbake kunne me lesa:

– Hemsedal er i reiselivssamanheng ei veldig sterk merkevare i forhold til Hallingdal. I tillegg har Hemsedal ein velfungerande og god marknadsorganisasjon, velfungerande bookingløysingar og misunningsverdig bra organisering av fellesgode. HTTL sin status er eineståande i forhold til resten av Hallingdal, skriv rådmannen i saksutgreiinga. Sitat slutt.

Er det slik at det er heile laget som har prestert, eller har dei ekstra gode krefter ein eller annan plass i organiseringen sin? For det har vært ei god støtte for Petter med utenlandsk festdrykk som sponsor og eigen bilavtale. Då får ein handlingsrom. Og det er ein fordel for Hemsedal at ein har i millionvis å bruke som ein vil, fordi ein har solide sponsorer frå utlandet. Som i enkelte tilfeller heier på Hemsedal, og i andre tilfeller heier på noko anna. Hemsedal er som du veit på det Skandinaviske Elitelaget i reiseliv. Ein eigen liga, rett og slett.

Kva skal ein så med eit lag og støtteapparat rundt seg? Vel, det gir visse muligheter til å satse og bli god på fleire ting. Rekrutering, motivering, sikkerhetsnett, dialogpartnere og dyrking av identitet. Det er mange gode ting med å være på lag med nokon. Spesielt når dei andre på laget vil det samme, driv med det samme og har samme mål.

Eg ynskjer Petter Northug til lykke med årets sesong. Han kjem til å kunne bli ein historisk mann som satsa aleine istedenfor å være på verdens beste lag. Om han mislykkes, så blir det kanskje ikkje så kjekt. Eg gleder meg uansett til stafetten. For der ser ein kva samarbeid betyr i praksis. Og Petter har jo sagt det fleire gonger; det er seieren i lag med dei andre på «laget» som virkelig smaker godt. Ja, for Petter får vel lov til å gå sjarmøretappen, uansett om han er på laget eller klarer alt sjølv?

Pål K. Medhus
Lagspiller og Landsbyskald

20130626-205656.jpg

h1

1 måned som turistsjef var nok!

1. november 2012

1 måned var nok til å forstå at eg har gjort det riktige. Ja, for makan til måned med arbeid eg har hatt har eg aldri før opplevd. Høgt tempo. Imponerande mange positive innspel, oppspel og sampel. (IOS). Eg liker veldig godt å jobbe med heile reiselivet i Hol Kommune med Geilo som ein svært framoverlent og offensiv del av dette!

Så kva har eg gjort? Omtrent dette:

  • Laga Handlingsplan fro Partnerskapet mellom Visit Geilo og Hol kommune. 15 handlingspunkt med konkrete tiltak.
  • Besøkt 12 reiselivsbedrifter i Hol kommune
  • Løfta bærekraftbegrepet høgare opp i bevisstheten, og gjort det meir kjent of forståelig for flerie…
  • Avholdt mitt fyrste Symøte. Samhandling og ytring. Tema: Felles arrangementskalender. Denne er under konstruksjon.
  • Laga ferdig ein stragi og framdriftsplan for 3 nye turistkontor i Hol kommune neste sumar.
  • Blitt knytta til prosessen med sosiale meider i Hol kommune
  • Etablert kontakt med profesjonelle PR folk som eg skal jobbe med framover
  • Deltatt på noen og 20 møter som alle handler om reiselivsutvikling i Hol kommune.
  • Hatt min fyrste klagetelefon frå illsint hyttegjest. Me vart enige til slutt. Skal drikke kaffi på Cafe Mocca i desember.
  • Bidratt til at Geilo sentrum får eit innhald allerede til sumaren.
  • Sagt ja til det aller meste eg er spurt om.
  • Reist mindre og opplevd meir.

Altså: Eg har gjort mykje og mangt. Virkelig storkost meg har eg. Så no blir det spennende i fortsettelsen. Det er utruleg mykje som kan jobbes med og mange prosjekt som skal startes og holdes framdrift på. Hol kommune er ein fin plass å jobbe i, like mykje som det er ein fin plass å feriere i! Dette vil verden få merke meir til med meg og andre offensive reiselivsfolk i dytten,  med riktig fokus framover!

h1

Eg er frå Doggerland!

28. september 2012

Eg er frå Doggerbanken. Kvar er du i frå?

Opplevelsesdesign er et av dei etablerte orda innen opplevelsesøkonomien som nå får nytt liv gjennom boka til Ann-Jorid Pedersen. Å designe opplevelser er på sett og vis målet med alle verktøy innen opplevelsesøkonomien. Korleis få ein opplevelses til «å virke». Det i tillegg til å tjene mer penger pr hode, per opplevelse eller per anslag. Nylig var Ann-Jorid og eg i Bodø og holdt kurs i akkurat Opplevelsesdesign. Det endret livet mitt.

Lenge har nokre fortalt meg at det er kun nokre få tusen år sidan menneskeheten oppstod. Det er nok lengre siden. Skal det vise seg. Og ikkje kom me frå aust heller. Slik andre har fortalt meg. Samene kanskje. Men, ikkje eg. Neida. Det er rett og slett slik at eg (og kanskje du) kjem i frå havet. I frå noko som i dag er under havet.
Stemmer det. Det var altså på eit kurs i Opplevelsesdesign at dette kom fram. Og det var ikkje tilfeldig heller. Noko av fokuset på kurset er historieformidling. Kunnskapsformidling. Iscenesettelse. Underholdning. Ta folk med på ei reise. Etablere ei ny verd. Skape kontraster. For min del skjedde det i ein gummibåt med stor motor, som eg syntes gikk litt for fort. Eg er ikkje glad i motor og fart. Men, eg om det.

På veg til ein av verdens sterkeste malstrømmer i den omtalte gummibåten, omkranset av folk i utendørsuniform, store beskyttelsesbriller og en snært av eksos i nasen, suser vi i stor fart på det åpne hav. Som for øvrig stiller med havblikk. Havstrømmen er også på sitt minst intense. Nesten som heime i Holsfjorden. Eg har vøri i samspel med straumen før, og det er heller ikkje dette som er hovedmålet med turen denne ettermiddagen. Hovedmålet med turen er eit steinaldermåltid. Men, før mat skal eg rett og slett transformeres. Eg skal snart få vite kvar eg er i frå. Kanskje.

Henry heiter mannen som skal bringe budskapet fram. Han øser av kunnskap. Eit imponerende stykke mannebein som har ein kunnskapsbase og ei fortellerlyst som eg aldri i mitt liv har opplevd til havs. Men, det er ikkje alt han seier som imponerer meg mest. Heller ikkje måten. Sjølv om framføring er av ypperste klasse og mengden akkurat passe.For meg er det dette eine. Nyheten om at eg er i frå ein stad under havet. Eg er frå havet! Nærmere bestem i frå «Doggaland». I frå det som i dag blir omtalt som Doggerbanken.

Doggerbank var under siste istid land der det bodde mennesker, og arkeologer har nå begynt å bruke navnet Doggerland om dette landområdet fra forhistorisk tid. Trålere har hentet opp mye torv herfra. Noen ganger følger også gjenstander fra steinalderen med opp. En regner det for svært sannsynlig at de første mennesker som innvandret til det som i dag er Norge kom nettopp fra Doggerland.

Så heilt enkelt. Eg hadde ein av dei virkelig store formidlingsopplevelsene i mitt liv om bord i ein gummibåt med stor motor. Båten stod stille og havet var roleg. Hadde motoren vore skrudd av og lufta fri for eksos…ja, då hadde dette vore eit perfekt øyeblikk. Men, det er vel for detaljer å regne.

Uansett. Tusen hjertelig takk for at eg fekk oppleve alt dette. Måltidet, naturen, dei andre historiene og alt det andre var også fint. Men, fyrst og fremst: Eg er frå havet! Kanskje.

www.stella-polaris.no

www.visitbodo.com